| 5. mars arrangerar vi den tredje samtala i serien Bustadpolitiske samtalar, og denne gongen skal vi snakke om eit tema som får lite merksemd i bustadpolitikken - likestilling og kvinners posisjon. Korleis er det å bryte ut av ein relasjon og plutseleg stå aleine med omsorg for barn, når du ikkje kan kjøpe ny bustad? Og kor skal kvinner på krisesenter flytte?
|